|
Neste Konsert:
Evanger Musikklag: Smalahoveslepp - september |
Lenge siden jeg har oppdatert nå
Sidan sist eg oppdaterte her har det skjedd mykje som eg burde ha skrive om her. Eg har spelt ved mange fine anledningar og øvd inn nye stykker. Det siste eg framførte var Sofly, as i leave you saman med min faste makker AGS på euphonium i fjell brass. Eg spelte 2. stemma og som bestillt og overraskande for meg i alle fall kom den trestrøkne f på slutten. Det er utruleg at det går an. Fekk den knappt nok til heime, og ganske dårlig på øvingane før, men då det gjaldt som mest kom den i alle fall. Det må nevnast at me spelte dette stykket som nummer 6 av 7. Heilt på slutten av konserten. Dette var på Sotrastemne som vart avholdt på ulveseth skule.
NM Brassband
Eg spelte saman med Fjell Brass som deltok for første gong i NM. Me måtte difor stille i 4. divisjon. Det gjekk strålande og me tok 2. plass og rykker dermed opp til 3. divisjon neste år. Me spelte stykket Gothic Dances av Alan Fernie og dirigent var Svein Henrik Giske.
Julekonsert
16. Desember 2007 hadde Evanger Musikklag som vanlig julekonsert i kyrkja på Evanger. Eg var solist med stykket "I Himmelen" skrive av Knut Buene men arrangert til Tormod Flaten av Svein Henrik Giske. Det vart ein strålande framføring og for første gong på lenge var eg ikkje spesielt nervøs for å stå der å spele solo.

"I Himmelen"
Jubileumskonsert med Evanger Musikklag
Evanger musikklag markerer i år 80 år sidan oppstarten og me hadde ein den samanheng ein konsert i Vassvøretun. Her hadde aspirantane ein egen avdeling, deretter var dei saman med oss. Musikklaget avslutta konserten med ein avdeling med lett underhaldningsmusikk. Nevner Opus One og den halsbrekkande kornettsoloen Zelda framført mesterleg av Børge Styve!
Euphonium Helg
Endelig kom helga då det heile skulle skje! Det var eit vellukka arrangement frå ende til annan. Les meir om dette under "Euphonium Helg 2007".
Trombone
Eg har funne ut at eg vil prøva å lære meg å spele trombone i tilegg til euphonium. Først berre til husbruk men seinare kanskje til bruk i korpset eller andre anledningar der det trengs ein trombone. Er i gang med å læra meg posisjonane. Hovudgrunnen til at eg vil spele trombone er at eg trur det kan bidra positivt til euphonium spelinga. Så logikken er at for å bli bedre på euphonium må eg øve trombone. Me får sjå korleis dette går, men eg er foreløpig optimist.
Marknad
Musikklaget hadde sin årlege markand i Vassvøretun 22.04.07 og me spela litt lett underholdningsmusikk. Mellom anna Superman og Sandpapisballetten. Aspirantgruppa underheld med eit flott program og dei imponerte nok besteforeldre og faoreldre. Kjekkt å væra dirigent litt og.
Sparebank-konserten på Voss 25.03.2007
Musikklaget spela på den årlege konserten som Voss Sparebank arrangerer. Det vart delt ut midlar til ymse organisasjonar, òg evanger musikklag.
Konsert saman med Voss Musikklag 18.02.07
Søndag 18.02 hadde Evanger Musikklag konsert saman med Voss Musikklag i ungdomshuset på Evanger. Programmet var svært variert, med norske folketoner, sigøynermusikk, hymner fra de bitiske øyer og en amerikansk fjellsang. Eg spela solo på den sistnevnte, nemlig Shenandoah som er ein song frå fjellområda kring Rocky Mountains i Amerika. Soloen gjekk forsåvidt greit uten store feil, men var denne gongen også litt nervøs. Seinare i programmet hadde eg ein halsbrekkande solo på 3. sats av Call of the Cossacks av Peter Graham. Dette også gjekk etter forholdene greit, men gjekk tom for luft på eit tidspunkt. Alle som har spelt den soloen veit at når du både trur og håpar at frasen skal vera ferdig er det alltid minst 4 takter igjen. Eg må berre skyta inn at det er heilt utrulig at me klarte å spele dette stykket i det heile tatt, med tanke på at me er eit brassband som var påmeldt i 4. divisjon i NM i år med berre ca 20 medlemmer. Opptak av begge finn du her.

(Foto: Matin Kyte)
Jolekonsert i Evanger Kyrkje 17. Desember
Neste konsert er jolekonsert saman med Evanger Musikklag 17. desember. Der skal eg framføre "Variants on an English Hymn Tune" av Phillip Sparke. Dette er ein solo som tar utgangspunkt i hymnen "Nicaea" eller "Holy, holy. holy!" som den er mest kjent som. Det er ein introduksjon, tema og så tre variasjoner på samme måte som ein klassisk "air varie"
Spelinga gjekk greit nok, vart litt meir nervøs enn eg trudde. Det har nok litt med at eg ikkje rakk å være så nervøs på førehand. Opptak finn du her.
Jolekaker
Då kan me trygt seie at jolebaksten var i havn.....treng eg sei meir?
Gravferd i Evanger Kyrkje fredag 10. November
Har fått spørsmål om å spele i gravferd i Evanger Kyrkje. Dette ser eg på som ei ære og svara sjølvsagt ja. Eg har valgt å spele Ave Maria av Bach arrangert av Gounod. Skal då spele saman med orgel. Gledar meg.
Spelinga gjekk kjempefint og det virka som om alle var fornøyd!
Konsert med Evanger musikklag og Gisle Børge Styve i Vangskyrkja 3. November
Evanger Musikklag hadde konsert med Gisle Børge Styve trio 3. November. Konserten vart avvikla med stor suksess. Eg hadde ikkje nokon direkte solo på denne konserten, men hadde mang ein utfordring i eit variert program. Me spelte mellom anna Children of Sanchez, Tocatta, Letter From Home, My foolish Heart og eit nydelig arrangement av Med Jesus vil Eg fara signert Frode Rydland. Sistnevnte med eit vers med solo Euhonium. Framføringa gjekk kjempefint for alle i laget. Bilder finn du her. Me gjorde og opptak av delar av konserten. Lydklipp finn du her.