Eg er fødd i 1980, gift og har to døtre, ei fødd i 2004 og ei fødd i 2007. Eg er oppvaksen på Osterøy. Det var der eg begynte å spele i korps, nærmare bestemt i Haus skulemusikk. Eg fekk utdelt eit alt-horn på notekurs, eit år før eg var gamal nok fordi søstra mi var med og eg måtte være der likevel. Hadde mange kjekke år der, men det var mest det sosiale som var drivkrafta, turer og fotball i pausen.. Har spelt alle instrument frå Eb-tuba til Eb-kornett, berre ikkje trombone.

Det var først etter at eg byrja på gymnaset eg fatta interesse for korps igjen og då i hovudsak brassband. Eg takkar kona mi for dette. Begynte på Flügelhorn i Evanger musikklag, og spelte det i vel eit år muligens to år. Etter dette var det militærtjenste og eg la vekk musikken for eit år. Året etter budde me i stavanger og der var eg ikkje med i noko korps. Det var først då me flytta til Osterøy me byrja att i musikken, og då begynte eg på althorn i Haus Musikklag. På dette tidspunkt var me utan forpliktelsar og det meste av tida mi gjekk med til å øve på hornet. Teknikken kom seg stadig og etterkvart som framgangen kom vart det kjekkare og kjekkare å spele. Samstundes som me spelte i Haus reiste me til Evanger og var med på alle konsertar og tilstellingar. Svigerfar (dirigenten) spurde om eg ville byrje å spele euphonium, for det var det bruk for pluss at då ville eg få mang ei utfordrande stemme. Siste framføring på horn var julekonserten 2004 og då spelte hornsoloen "A time for peace".

Euphonium eraen var igang. Det er det kjekkaste instrumentet eg nokonsinne har hatt mellom hendene. Det er velklang i kvar ein tone og det favnar om alt fra lille oktav til 3- og 4-støken oktav alt etter kven som spelar. Det treng nesten ikke nevnast men mulighetene er enorme. Eg har øvd og øvd og øvd og øvd sidan eg begynte og begynner no etterkvar å få eit greit nok nivå. Tar timer med ein flott musiker som jobber i Divisjonsmusikken i Bergen, og det har fungert utmerket. I februar 2006 kjøpte eg meg nytt instrument. Veien er lang å gå, det å spele eit slikt instrument er særdeles vanskelig, men eg skal gjere det eg kan for å bli ein ok euph'ar.

No har eg kjøpt meg enno eit nytt instrument.