Serpent:

Serpenten er eit instrument som var i bruk i rennessansen. Den vert rekna som en av de eldste forløparane til dagens euphonium. Den er forma som en slange og har 6 fingerhol til å endre tonehøgde. Serpenten vart laga av tre og messing og hadde eit kornettlignende munnstykke. Formen på sjølve instrumentet gjorde det til eit praktisk militærinstrument då det lett kunne bæres både vanlig og til hest. Serpenten er i dag eit samleobjekt og ein av dei som har ei slik samling er trombonisten Douglas Yeo. Les meir om dette spanande instrumentet her.

                                                                            
Opicleide:

 

Serpenten utvikla seg til eit "basshorn", som det igjen oppstod fleire variantar av før Ophicleiden vart utvikla, og ganske enkelt erstatta Serpenten.

Ophicleiden var/er eit instrument laga av messing, men forma som ein saksofon. Felix Mendelssohn brukte instrumentet i "En midtsommernatts draum" for å skape komiske effekter. Ophicleiden vart òg tatt seriøst, Hector Berlioz skreiv for instrumentet i sin "Symphony Fantastique."   Sjølv om ingen moderne instrument har samme klangvalør som ein Opicleide mista den fort sin gunst når ventilsystemet kom, men ble dokumentert brukt i Frankrike heilt fram til 1913. Les meir om Opicleide her.

 

 

                                                                                                                                        

Dobbeleuphonium

 

Det vart forsøkt med fleire forskjellige sammensetningar av både antall ventilar og antall klokker. Det blei laga euphonoium med to klokker, en oppover slik som me kjenner frå dagens euphonium og i tillegg ei som peikar framover. Ein brukar då en 5. ventil for å skifte mellom dei. Dobble euphonium var populære soloinstrument i Sousa band. Det finnes også idag nokon velholdte eksemplar av dette flotte instrumentet. Meir info ligg her.

 

 

Dagens Instrument

 

Dagens instrument er i dei fleste utgåver utstyrt med 4 ventilar medan istrument til opplæring har berre 3 ventilar. I 1874 kom det britiske kompenserings systemet. Det er David Blaikley som står som oppfinner av dette geniale systemet. David Werden har laga eit dokument som viser korleis det virkar. Dei ledande produsentane av Euphonium er Buffet Crampon (Tidligare Besson), Yamaha, Willson og Hirsbrunner.